Gå til sidens hovedinnhold

To lastebilar kolliderte ved Dalevatnet i Bremanger

Artikkelen er over 3 år gammel

To store lastebilar stod tysdag ettermiddag fast i kvarandre i den krappe svingen på Fv. 616 ved Langeneset, ved den sørvestre enden av Dalevatnet i Ytre Bremanger.

Det er både trongt og glatt på staden. Etter ulykka jobba dei med å få tak i ein traktor som kunne få lastebilane frå kvarandre, fortalde ein FP-tipsar som var på staden.

Vegen mellom Kalvåg/ Ytre Bremanger var stengt i fleire timar.

Uhellet skjedde litt før 13.30-tida. Den ein lastebilen var klemt inn mot fjellveggen og dei to køyretøya hadde kila seg fast. Det trengst truleg kranbil for å løyse floken.

Politiet sin operasjonssentral i Bergen hadde ikkje fått melding om kollisjonen då Firdaposten var i kontakt med dei.

Tysdag kveld var det framleis kaos på vegane i ytre Bremanger. Vegen vart opna att etter ulykka ca. kl. 19, og ein time seinare var det framleis kaotisk.

Kommentarer til denne saken