Tenåring har køyrt i fjellveggen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Ein mann i slutten tenåra har køyrt i fjellveggen på Riksveg 5 ved Fjordbase i Flora kommune.

Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane er det berre ein bil med ein førar involvert i ulukka.

Alle naudetatane rykte ut til ulukkesstaden.

Det er uvisst kor hardt skadd bilføraren er, men han skal ifølge Firda ha klaga over smerten i bryst og arm og er køyrt til sjukehus.

– Vegen er stengd på ulukkesstaden, men bilbergar er framme. Så når han er ferdig med jobben sin reknar eg med at vegen opnar att ganske snøgt, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved politiet i Sogn of Fjordane.

Vegen opna igjen like før 08:00.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags