Køyrde på land i Rotasundet

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I sjutida på morgonkvisten fredag køyrde ein 24-fots båt på land i Rotasundet utfordi Florø.

Båten skal ha fått ein del materielle skader, men det er ikkje meldt om personskade. Båt og mannskap skal ha komme seg til land ved eiga hjelp. Den mannlege båtføraren melde sjølv frå til politiet, fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Florø politistasjon.

- Saka vil ikkje bli etterforska vidare, seier han.

Artikkeltags