Fritidsbåt i Florø har sende ut mayday-signal

Av
DEL

Hovedredningssentralen i Sør Norge melder søndag at dei har motteke eit naudsignal frå ein fritidsbåt i Florø.

Båten har gått på grunn, og redningsskøyte, kystvakt og offshore-fartøy assisterer i ein redningsaksjon.

På telefon forklarer Hovudredningssentralen i Sør Norge at det ikkje var veldig dramatisk. Det var ein fritidsbåt som gjekk på grunn ved Risøyskjæret. Dei sende ut eit mayday-signal, og fekk fort assistanse av tre båtar. Det var kystvaktfartøyet Tor, ei redningsskøyte, og ein MOB-båt. (Mann over bord-båt, ein hurtiggåande redningsbåt frå eit offshore-fartøy)

Båten blei slept til land ved Fjord Base. Det er ingen personskade, men litt lekkasje frå båten. Den blir handtert av redningsskøyta.

Det var to personar ombord i fritidsbåten.

Det var Firda som først melde saka

Artikkeltags