- UDI ferdig med saka

Politiet på veg ut med Simon og Fkadu frå bustaden i Florø.

Politiet på veg ut med Simon og Fkadu frå bustaden i Florø. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

- UDI har sendt den nye klagen over til Utlendingsnemnda (UNE) for handsaming, og dei vil vurdere den. Vi er ferdige med saka, forklarer kommunikasjonsrådgjevar Kari Anne Kvarving i UDI.

DEL

Støttegruppa med Kåre Leif Hollevik i spissen la måndag fram dokumentasjon frå Italia, som skal bevise at far Fkadu og Simon (10) ikkje har fått hjelpa dei har krav på som flyktingar med opphaldsløyve i Italia.

Svaret frå UDI og UNE er klart. Dei uttransporterer far og son fortast muleg. I botnen ligg ei vurdering av at dei nye opplysningane i saka ikkje vil endre utfallet av søknaden.

Informasjonssjef Bjørn Lyster i UNE forklarer at det er UDI som avgjer om ei klage er openbert grunnlaus. I så fall blir det ikkje gjeve «oppsetjande virkning», dvs. at asylsøkjarane kan bli i landet til klagen er ferdig handsama.

Sjølv om Fkadu og Simon blir sendt ut av landet no, så kan dei bli henta tilbake, dersom klagen blir teken til følgje.

-Vi har enno ikkje handsama klagen sidan vi ikkje har motteke all informasjon som er varsla og omtalt i media. Vi har derfor ikkje nokon ytterlegare kommentar, seier Jon Arne Jensen, avdelingsdirektør i UNE.

Artikkeltags