UDI ber tynt om å sleppe nynorsk

Artikkelen er over 11 år gammel

Men arbeidstakarane i UDI får ikkje lov til å rydde vekk nynorsk ordliste frå skriveborda sine. Kultur- og kyrkedepartementet seier nemlig nei til søknaden om delvis nynorsk-fritak.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

UDI ville sleppe å skrive nynorsk til utlendingar som ikkje har norsk som morsmål. Dei vil nemlig ikkje ha nokon nytte av nynorsk, meiner direktoratet. Men det synes visst Kultur- og kyrkedepartementet er eit snodig argument.

«Dersom dei ikkje kan norsk, vil dei heller ikkje ha nytte av bokmål», skriv departementet i brevet der UDI får avslag på søknaden om nynorsk-fritak. I kulturminister Trond Giske sitt departement kan ein heller ikkje forstå at norsk informasjonsmateriell til utlendingar berre skal skrivast på bokmål.

«Det er til dømes ikkje slik at all norskopplæring for utlendingar i Noreg per definisjon skal vere på bokmål, jamvel om dette er det vanlege», står det i avslaget. (ANB)

Artikkeltags