Komikar og gledesspreiar Else Kåss Furuseth har betalt 10.000 kroner for å ete lunsj med floraordførar Ola Teigen. Som ein del av TV-aksjonen til Røde Kors no på søndag la han nemleg ut lunsj med ordføraren «på anbod» på QXL.no. Der kunne alle som ville, by på ordførarlunsjen. Else Kåss Furuseth klinka rett og slett til med maksbodet på 10.000 kroner. Pengane tek ho frå eiga lomme.

– Ein date med ordføraren? Det er ikkje noko å stusse på. «Lunsj» meinte eg, la Kåss Furuseth kjapt til og lo så ho rista under sendinga av Live på direkten på TV2 Sumo torsdag kveld, før ho fekk summa seg og streka under at ordførarlunsjen er ein vinn-vinn:

– Men det er jo til Røde Kors, og til ei god sak for meg; at det dryp litt på klokkaren. Det er jo ein lunsj, men 10.000, det forpliktar jo litt.

Viktig melding til Lisa

– Eg gler meg veldig til å bli meir kjend med Ola og ikkje minst med Florø, seier Else Kåss Furuseth til Firdaposten dagen etter sendinga.

Men ho må innrømme at ho ikkje kjenner byen så veldig godt.

– No har eg konsentrert meg om å google Ola, og har funne ut at han er godt gift, seier Else og legg til:

– Eg tek det til etterretning. Så vil eg sende ei melding til Lisa Førde Refsnes (kona til Ola Teigen, journ. anm.) og seie at dette er heilt profesjonelt, men at eg samstundes set pris på at eg får låne mannen hennar, strekar ho under.

Men det er ikkje berre for moro skuld at ho byr på ordføraren i Florø.

– Eg reknar med at eg får kjeft av fattern etter TV-innslaget. Eg driv ikkje å kastar pengar etter folk for å få meg ein date. Eg brenn veldig for arbeidet til Røde Kors, og synest det er kjekt å kunne bidra til ei god sak. For dette var eit særs godt initiativ. Sånn sett håpar eg at alle damene i nærområdet no trør til og overbyr meg. Eg tek ikkje sigeren på forskot, det er framleis mogleg å by, strekar Kåss Furuseth under.

Gledeleg overraska

Ordføraren sjølv visste ikkje kven som hadde lagt inn bodet, før Firdaposten ringte. Mellom latterkulene klarte han uttrykkje si begeistring:

– Dette er ei strålande overrasking, og veldig veldig kjekt. Det er gode pengar til ei god sak. Else Kåss Furuseth er dessutan ei kjempetriveleg og morsom dame, så dette kan bli veldig koseleg, seier Teigen.

Kva som er på menyen er framleis ikkje avklart. Det er heller ikkje avklart enno når denne «daten» finn stad.

– Men blir det ein date? Og kan vi vente eit kyss?

– Eg vil ikkje utelukke noko, seier ordføraren og ler godt, før han legg til at han trass alt er godt gift:

– Det blir nok eit kyss på kinnet, reknar eg med.

Det er ingen ringare enn Arbeidarpartiet sin fylkesrepresentant og kokk Karianne Torvanger som kjem til å stå for menyen. Det var også ho som spurte Teigen om det var ok å auksjonere han vekk.

– Lite visste eg at dette kom til å skje då, ler Torvanger.

Ho kan verkeleg love at Ola Teigen og Else Kåss Furuseth vil få servert real «elsekåst»:

– Sjølvsagt blir det «elsekåst». Det vil bli servert det beste vi kan by på frå kommunen, som laks frå Svanøy Røykeri og brød frå bakeriet i Florø, strekar ho under.

Denne artikkelen blir oppdatert fortløpande.