Det er tid for TV-aksjon igjen. 21. oktober skal 100.000 bøsseberarar ut i haustmørket og banke på dører. I tredje etasje på Rådhuset har dei som har fått ansvaret for å få Flora-folket til å gi så det svir rigga seg til. Under leiing av Anders Ole Sunnarvik er dei godt i gang med planlegginga av den årvisse dugnaden, og det blir ikkje berre bøssebering denne gongen.

Vennskapsfrukost

– Vi startar dagen på Havglytt med ein vennskapsfrukost på Havglytt mellom klokka 11 og 13. Det blir ein møteplass der alle er velkommen til å kome og ete frukost i lag, fortel Bente Nilsen. Ho representerer Frivilligsentralen, og er ein av dei som er med og organiserer årets TV-aksjon. Mindre aleine saman er mottoet for årets TV-aksjon, der pengane går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Det handlar nettopp om møteplassar, og med midlane frå TV-aksjonen kan Kirkens Bymisjon utvide tilbodet sitt til plassar der dei ikkje er representert i dag. Som i Sogn og Fjordane.

Vi kan, takka vere TV-aksjonen, gi fleire ein jobb å gå til, ein seng å sove i og eit varmt måltid. Vi skal skape fellesskap, gi barn og unge gleda av fritidsaktivitetar og skape fleire møter mellom generasjonar, skriv Kirkens Bymisjon på sine nettsider. Arbeidstiltak for menneske som står utanfor det ordinære arbeidslivet er blant tiltaka som pengane frå innsamlingsaksjonen vil gå til.

Ber folk om å strikke

I tillegg til å by på frukost oppfordrar Bente Nilsen folk om å strikke oransje skjerf og luer til innsamlingsaksjonen.

– Vi ønsker eit varmare samfunn med fleire møteplassar, og ein varmare og rausare kommune. Vi oppmodar folk om å strikke skjerf i samband med aksjonen, og levere dei til oss på Frivilligsentralen. Alle dei fine statuane våre skal bli kledd opp i oransje lue og/eller skjerf i nokre dagar, og dei skjerfa og luene vi får inn vil vi dele ut til alle som vil ha på vennskapsfrukosten.

Det oransje skjerfet har ein historie som går tilbake til 2010. Hobbyklubben hang då ut heimestrikka ullplagg for å vise fram norske handverkstradisjonar. Dei oppdaga då at eit stort ullplagg utanfor kontorbygget blei tatt ned og brukt i løpet av natta, og hengt opp igjen tidleg om morgonen. Det var ein heimlaus som brukte plagget til å varme seg om natta.

Ut av dette kom det eit samarbeid med Kirkens Bymisjon der skjerf blei strikka og hengt ut i Oslo sentrum, og så har det pakka på seg. I fjor blei det strikka 15.000 skjerf på landsbasis, og det oransje skjerfet har blitt eit symbol på eit ønske om eit varmt og inkluderande samfunn. No også i Flora kommune, om Bente Nilsen får det slik ho vil. Oppskrift på korleis du strikkar skjerfet finn du på blimed.no, og der kan du også registrere deg som bøsseberar om du vil.

Sosialt og kjekt

– Dette er utan tvil haustens viktigaste søndagstur, og Florøfolket er kjend for å løfte i flokk. Det skal vi vise i år også, seier Arlene Vågene. Ho seier at innsamlingsaksjonen er ein sosial møteplass i seg sjølv, og håper at fleire melder seg til teneste for å gå rundt med bøssene.

– Det er veldig kjekt å vere bøsseberar. Vi samlast i lokala til Sparebanken Sogn og Fjordane i år også. Det er både sosialt og kjekt å vere med, og det er veldig kjekt å gå rundt til folk og banke på. Alle er veldig positive og glade for at vi kjem, og når kvelden kjem veit du at du har gjort ein forskjell.