Gå til sidens hovedinnhold

Turnering og jubileum i Svelgen idrettshus

Artikkelen er over 17 år gammel

SVELGEN: Tredje juledag gjekk den tradisjonelle Molley-turneringa av stabelen i Svelgen Idrettshus. Saman med denne hadde STIF i år lagt inn ei lita markering for idrettshuset, som i år har tiårsjubileum.

Den årlege Molley-turneringa er ei volleyballturnering, der laga består av vener og kjende. Målet er å ha det moro i lag. Det er 18. gang denne turneringa vert arrangert. Før Svelgen Idrettshus stod ferdig, var det turnering i gymsalen, og denne gjekk over to dagar i romjula. Dei siste ti åra har det vore nok med nokre timar tredje juledag.

Markering

19. desember 1993 vart Svelgen Idrettshus offisielt opna, og romjulsturneringa var rette høvet til å markere dette. Nyvald leiar i Svelgen Turn- og Idrettsforening, Svein Arne Sandvik, hadde ordet og fortalde om svelgarane sin kamp for hallen. Allereie i 1972 vart ønskjet om idrettshus fremja i Svelgen, men det var fyrst i 1976 at STIF sette ned ei eiga nemnd som skulle jobbe med løysing av idrettshallproblema i bygda. Leiar for denne nemnda var Arne Loftheim, som har vore den fremste forkjemparen for idrettshall i Svelgen. I tillegg til Loftheim vart også arbeidet til Per Åge Bueie, Hans Rune Strandos, Einar Gjerde og Magne Kjerpeseth trekt frem på markeringa, og desse fekk sin velfortente blomsterbukkett og applaus frå dei fremmøtte.

Drifta av idrettshuset

Etter at idrettshuset stod ferdig, sa Gunnar Midtbø og Kolbein Halse seg villige til å vere gratisarbeidande vaktmeistarar for STIF. Dette gjorde at foreninga i åra 1994 – 2001 kunne trekkje frå 40.000 kroner på husleiga, og dei siste to åra vart denne innsatsen verdsett til om lag 50.000 kroner. Om ein summerer dette, har desse to gjort dugnad for 420.000 kroner dei siste ti åra. Den siste av dei åtte som vart heidra på tiårsmarkeringa var Olav Ommedal. Han har i mange år vore leiar av driftsstyret i idrettshuset, og i alle år med han som leiar gjekk hallen med solide overskot.

Familielag

Etter markeringa var det klart for finalen i Molley-turneringa. Det var i år sju lag som deltok, og kvar kamp varer i 20 minutt. Når tida er ute, er det om å gjere å ha mest poeng. Årets finale gjekk mellom ”Turtelduene” og ”Friends”. Desse laga har møtt kvarandre i finale fleire gongar tidlegare, og i år var det Friends som drog det lengste strået. Etter å ha leia heile kampen, vann dei til slutt 35 – 30.

Laget består av Magne Kjerpeseth og begge sønene, Jan Erik og Frode, og dottera Vibeke. I tillegg er Maria Svarstad, Bjørn Gunnar Rossvoll, Fredrik Varpe og Trond Hatleset med på laget.