I Måløy: Tilrettelagt bubil-idyll. I Florø: Inneklemt mellom containerar, gamle bilar og skrot.

KONTRASTAR: Til høgre bubilparkeringa i Måløy sentrum. Til venstre, den på Stranda i Florø.

KONTRASTAR: Til høgre bubilparkeringa i Måløy sentrum. Til venstre, den på Stranda i Florø. Foto:

FLORØ: – Vi kjem nok ikkje tilbake til Florø med bubil, så dårleg tilrettelagt som bubilparkeringa her er.

DEL

– Vi kom her i går kveld, og byrja leite – utan hell – etter meir informasjon om bubilparkeringa her i Florø. Ledige straumkontaktar var det ikkje. Og det står heller ikkje kor toalett og slikt er. Og vi fann ikkje betalingsautomaten, men eit skilt som bad oss laste ned Easypark-appen, og som varsla død og fordervelse om vi ikkje betalte. Eg greidde laste den ned og betale etter mykje strev, men det er ikkje så lett for oss pensjonistar.

Arne Arefjord og kona Ingunn er begge pensjonerte, og har reist frå Os i Hordaland for å få med seg Kinnaspelet. No har dei lagt seg til på bubilparkeringa mellom containerar, skrot og gamle, parkere bilar her på Stranda. Her står det allereie fleire bilar parkert i påvente av den hendingsrike helga.

Automaten Arne etterlyser står 350 meter unna, nede ved gjestehamna. Der er også servicebygget med vatn, dusj og toalett som bubilturistane blir tilvist til.

– Vi har vore på ein del bubilparkeringar opp gjennom tida. Dei fleste andre stader er det fasilitetar i nærleiken av parkeringa – i det minste ein parkeringsautomat. Men ikkje her. Og utsikta her nede er ikkje noko å skryte av. Rett framføre oss er det lagra ei røys med redningsflåtar. Det einaste som trekkjer opp her er at den ligg nærme sentrum. Men vi kjem nok ikkje attende til Florø med bubil, nei, strekar Arefjord under.

(Artikkelen held fram under bildeserien.)

Forvirrande

I dei to nabobilane sit veneparet Reidar Flæsland og Wenche Marie Kaspersen, og Oddvar og Kirsten Melchersen frå Osterøy. Dei kom onsdag kveld for å få med seg Sildebordet.

– Det er ganske uoversiktleg og forvirrande her. Det tok si tid før vi fann betalingsautomaten nede ved hotellet. Og Easypark-app? Vi gamlingar har ikkje peiling på appar, utbryt Oddvar.

Når det gjeld utsikta frå bubilparkeringa, eller rettare sagt mangelen på sådan, er han ikkje vidare imponert.

– Ein ser jo sjøen innimellom containerane og bilane. Det er ti bubilplassar og seks straumuttak. Her er ikkje noko stad å kaste boss, eller tømme toalettet. Det står heller ikkje kor vi kan finne dette. Nei, ting kunne vore betre, seier Oddvar og presiserer:

– I Måløy er det ei heilt anna historie. Der har du ein fin plass å parkere på. Det er kort avstand til straum, dusj og toalett. Det er fint og reint, og god utsikt utover hamna. Og tømmefasiliteter ligg like i nærleiken, seier han.

(Artikkelen held fram under bildet.)

FRÅ OSTERØY: Oddvar og Kirsten Melchersen.

FRÅ OSTERØY: Oddvar og Kirsten Melchersen. Foto:

– Forsiktig byrjing

– Dette er ei forsiktig byrjing.

Det seier Jan Harald Arnesen i Florø parkering AS. Det er Florø parkering som driv bubilparkeringa i Stranda. Florø Bil & Havneservice eig grunnen. Arnesen seier at det går an å hente ferskvatn nede på kaia der ein fyller diesel på småbåtar, og bosspann skal vere utplassert.

Han seier også at Florø parkering nettopp har installert straum på bubilparkeringa. Men det er berre seks uttak på ti plassar.

– Det går an å dele, sjølv om det berre er seks uttak, presiserer han. Og fleire uttak blir det truleg ikkje.

– Det som er dyrast på ein bubilparkering er straum og tømming av septik og ferskvatn, seier han og legg til at inntekter til vidare opprusting av området veks dess fleire bubilar som nyttar parkeringa.

– Men dersom bubilturistane ikkje er nøgde, kjem dei ikkje attende. Og dermed minkar sjansane for auka inntekter.

– Jau då, men no har vi også bubilparkering på Krokane camping. Dette er eit ekstratilbod til det, svarar Arnesen.

(Artikkelen held fram under bildet.)

KONTRASTAR: Måløy til venstre, og Florø til høgre.

KONTRASTAR: Måløy til venstre, og Florø til høgre. Foto:

Ingen planar om fasilitetar

Men for dei fleste bubilturistane blir det for langt frå Krokane camping til sentrum. Til ulikskap frå campingvogner, der eigarane kan kople av bilen og køyre til sentrum, må bubilturistane som regel gå eller sykle frå den parkerte bilen til sentrum. Det er eit poeng Arnesen er samd i.

– Men så er det slik at bubilparkering treng stor plass. Dette er den plassen vi har tilgjengeleg i Florø sentrum. Å legge beslag på store deler av sentrum når bubilsesongen berre er frå juni til september, er ikkje det luraste, svarar Arnesen.

Han legg til at grunnen til at det ikkje er ein automat på staden er at den kostar 100.000 kroner å setje opp.

– Har de planar om å bygge toalett- og dusjfasiliteter på området?

– Vi har ikkje planar om det, nei. Det å lage eigne fasilitetar til bubilar vil koste ganske mykje. Vi har eit bystyrevedtak frå 2016 som seier at bubilane skal nytte faslitetetane ved gjestehamna.

– Vil du seie at de prioriterer bubilturistane?

– Meiner du oss eller Flora kommune?

– Florø parkering.

– Som sagt, vi har bubilparkering på Krokane camping, dette er eit supplement til det, avsluttar Arnesen.

Så mykje legg bubilturistane att etter seg

Ei studie frå 2013 utført av Universitetet i Bergen viser at camping- og bubilturistar legg att kring 600 kroner per person per døger, mot halvparten for cruiseturistane.

– Det er ei myte at bubilturistar kjem med bilen full og mat og øl og ikkje bruker pengar. Dei er høyt utdanna folk som legg mykje att på opplevingar og kultur, sjølv om dei ikke visast att på hotellstatistikken, seier han som er ansvarleg for studien, professor Svein Larsen ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Artikkeltags