For sju år sidan avtalte dei å drikke øl på Kinn bryggeri

Gareth Alwyn Rowlands og Mai Tuominen kom heilt frå Stavanger for å delta på omvisning på Kinn bryggeri.

Gareth Alwyn Rowlands og Mai Tuominen kom heilt frå Stavanger for å delta på omvisning på Kinn bryggeri. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Han heiter Gareth Alwyn Rolands og kjem frå Wales, men bur i Norge. Ho heiter Mai Tuominen og er dansk, men bur i Sverige. Dei to jobba saman i Stoke-on-Trent i England i 2004, og sidan det har dei halde vennskapen ved like, mellom anna ved å dyrke si store felles interesse – øl.

Roadtrip til kjelda

I 2010 hadde Gareth nett flytta til Stavanger og Mari kom på besøk. Dei to tok ei øl på Cardinal Pub & Bar, utestaden som går så opp i godt øl at dei til og med har sin eigen app som viser kva dei til ei kvar tid har i kranane. Mai, som er ekstra svak for friskt øl med frukt- og bærsmak, hugsar godt at det var Rosa Kinn som skumma i glaset den dagen.

– Ein dag, vart dei to einige om, – Ein dag skal vi jammen reise til Florø og drikke Kinn-øl!

Og endeleg er dagen der. Det har tatt si gode tid å tilbakelegge dei 438 kilometrane mellom dei to vestlandsbyane.

– Du veit, det var ein klassisk slik ting ein snakkar om, men aldri gjer. Men i år bestemte vi oss – no kan vi ikkje berre snakke om det lenger, seier dei to.

Gareth og Mai er lutter øyre når Thomas Hovlandsvåg frå Kinn bryggeri fortel om prosessen som går føre seg i dei bakre regionane på Vesle Kinn. - Meininga er at vi skal eksperimentere litt her, og at vi kan lage ting du må innom lokala har for å få smake på, seier han.

Gareth og Mai er lutter øyre når Thomas Hovlandsvåg frå Kinn bryggeri fortel om prosessen som går føre seg i dei bakre regionane på Vesle Kinn. - Meininga er at vi skal eksperimentere litt her, og at vi kan lage ting du må innom lokala har for å få smake på, seier han. Foto:

Ikkje har dei nett køyrt beinaste vegen, heller, kvifor ikkje gjere ein skikkeleg tur ut av det? Først ei overnatting i Hardanger og deretter mot Flåm:

– Og på vegen ned dit kom eg tilfeldigvis på – er det ikkje der Ægir ligg? gliser Gareth.

Sjølv om favorittølet frå sognebryggeriet må kjøpast på polet, fekk dei då med seg littegrann lesk derifrå og.

Så lita tid, så mykje øl

Men no står dei på Vesle Kinn med den første smaksprøven i handa og høyrer dagens guide Thomas Hovlandsvåg fortelje kor kjekt Kinn-bryggarane synest det er å vere tilbake på «gamle» tomter i Hjørnevik-huset.

– Dette lokalet er mykje meir eigna til å ta i mot gjestar enn bryggeriet i Botnastranda, slår han tilfreds fast og slår ut med handa.

Verken Gareth eller Mai vil kalle seg ølekspertar. Men interessa er likevel stor.

– Eg berre likar å prøve nye ting, seier Gareth og prøver å forklare:

– Om ein kjøper det same ølet fleire gongar, blir det jo mindre tid til å prøve nye ting!

Dei forklarer at det er dei små bryggeria med sin eigen filosofi dei synest er mest spennande.

– Det som tiltaler meg ved Kinn Bryggeri er at dei prøver å tenke annleis, seier Gareth.

– Ja, og det at dei brukar lokale produkt i brygginga. Eg ser de har mykje blåbær her oppe, seier Mai håpefullt.

Ingen av dei bryggar sjølve.

– Eg bur i burettslag, seier Gareth, og meiner det forklarar.

– Men når Gareth besøker meg, tek han med Kinn-øl til meg, og når eg besøker han, har eg med meg øl eg trur han vil lilke. Vi importerer øl til kvarandre, ler Mai.

- Kva skal vi velje no då..?

- Kva skal vi velje no då..? Foto:

Dei skålar på at dei endeleg fekk avlagt favoritt-bryggeriet eit besøk – det må utan tvil delast på øl-appen Untapped – ein slags Facebook for øl-nerdar.

– Då står det ein ting mindre igjen på bucketlista!

Artikkeltags