Trygt fellesfyrverkeri i Florø

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Men i år vil politiet ha ekstra fokus på fyrverkeri under nyttårsfeiringa.

DEL

Dette er grunna det ferske forbodet mot oppskyting av rakettar med styrepinne.

- Blir du tatt for å skyte opp ulovleg på nyttårsaftan kan du fort få 5-6000 kroner i bot, fortel politistasjonssjef Nils Erik Eggen.

- Skyt ein til dømes inn i folkemengder og slikt, så snakkar ein fort om det dobbelte i bot, opplyser han.

– Mi oppfordring til folk er å ligge unna dette. Ha ei fin feiring og eit godt nytt år utan unødvendige ekstrautgifter, seier Eggen.

Han minner om at det er tryggleiken til folk og faren for ulykker som gjer at forbodet mot rakettar er komme.

Då kan det vere meir trygt og lønsamt å sjå på fellesfyrverkeriet som blir skote opp frå Rota nyttårsaftan.

Det var i fjor at Florø-mannen Jan Roar Hatlem fann ut at det ville vore meir tenleg med eit fellesfyrverkeri enn den uorganiserte oppskytinga i Florø sentrum.

Innan bestillingsfristen hadde han fått inn 48.000 kroner som no skal lyse opp over Florøvika etter Barnekjippen på årets siste dag.

Artikkeltags