Brannvesenet kan ikkje garantere for tryggleiken

I skuletida måndag var det ikkje så mange å sjå på isen på Storevatnet, men det blir nok folksamt utpå her i løpet av ettermiddagen.

I skuletida måndag var det ikkje så mange å sjå på isen på Storevatnet, men det blir nok folksamt utpå her i løpet av ettermiddagen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Mange har nytta helga til å friske opp skøytekunnskapane, men er isen trygg? Vi har spurt Flora brannvesen, som har ansvaret for å måle tjukkleiken til isen.

– Verken vi eller nokon andre kan gå ut og seie at isen er trygg eller utrygg. Vår jobb er å måle tjulkkleiken. Dei som ferdast på den, har ansvaret for sin eigen tryggleik, seier Eivind Ask i Flora brannvesen.

Sist gong dei målte isen, no på fredag, var dei nede i 9 cm på det tynnaste og 11 cm på det tjukkaste. Storevatnet vart målt til 10 cm. Likkjevatnet vart målt til 11 cm, medan Svartevatnet vart målt til 9 cm.

– Det er gjengs å ta utgangspunkt i at 10 cm is er sterkt nok til å ferdast på. Sidan vi målte på fredag, har det berre vore kuldegrader, så det er ingenting som peikar på at isen skal ha blitt tynnare sidan dess, seier Ask til Firdaposten måndag morgon.

– Men på Storevatnet har det komme fleire større sprekkar i isen i løpet av helga.

– Det er heilt naturleg. Dess tjukkare ferskvass-isen er, dess meir sprekk den. Det har ingenting å gjere med at den har blitt tynnare eller svak. Vatnet under er alltid i rørsle, det gjer til at isen kan sprekke, seier Ask.

Han oppmodar alle om å lese seg opp på tryggleik på isen, før ein går ut på den. Her kan du lese meir om tryggleik på isen.

Artikkeltags