Pakk vekk sommaren, for i helga kjem den første hauststormen

PAKK SAMAN SOMMAREN: Slik bør du pakke inn hagemøblane, om du ikkje tek dei inn i bod eller garasje.

PAKK SAMAN SOMMAREN: Slik bør du pakke inn hagemøblane, om du ikkje tek dei inn i bod eller garasje. Foto:

Det blir ei vill og våt helg på Vestlandet når den første store hauststormen treff laurdag ettermiddag.

DEL

OPPDATERT: Fredag oppjusterte NVE farenivået på jordskred og flaum i Sogn og Fjordane til oransje nivå. Det betyr at det kan kome alvorlege skader, og at det krev førebuingar i beredskapen.

På eitt døgn kan det lokalt komme opp mot 100 mm nedbør i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I tillegg er det meldt om snø i høgda, og søndag kan det bli storm i kasta.

– Det er berre å pakke vekk sommaren og stålsette seg for ei skikkeleg ruskehelg. Sørg for at avløp og rister er opne sånn at vatnet kan renne der det skal, og sikre alt av lause gjenstandar som kan blåse av garde i vinden. Søndag er kanskje ikkje dagen ein bør legge ut på tur, verken til fjells, havs eller på vegen, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring.

Gult farevarsel

NVE har sett gult farevarsel og åtvarar også mot fare for jord- og flaumskred. Varselet for mykje nedbør gjeld frå laurdag kl. 18 til søndag kl. 18.

– Med så mykje regn på kort tid bør folk generelt halde seg unna bratte skråningar, bekker og elveløp som kan få stor vassføring. Skred blir gjerne til når tette vassvegar fører til oppdemma vatn. I byar og tettbygde strøk er det fare for overvatn, og det kan lokalt bli vanskelege køyreforhold med fare for vassplaning, seier han.

Vill og våt søndag

Flaumskadar på bygningar blir dekt av forsikringa så lenge bygget har ei brannforsikring. Flaumskadar på bilar blir dekt av forsikringa berre dersom ein har full kaskodekning.

– Søndag blir ein vill og våt dag, og det er meldt vindkast på opptil 30 meter i sekundet frå vestleg retning sør for Stad. Det tyder moglegheit for kansellerte avgangar for ferjer og fly. I tillegg kan bruer bli stengt, og tre kan falle over vegbana. Skal du opp i høgda risikerer du snøfokk og redusert sikt og i verste fall kolonnekøyring, seier Brandeggen.

Flaumskadar aukar

Norske forsikringsselskap betalar ut stadig større erstatningsbeløp etter flaumskadar. Dei siste ti åra er det utbetalt vel 800 millionar kroner i erstatning etter flaumskadar i de tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Rekordåret var i 2014, då slik erstatning utgjorde 296 millionar kroner.

Artikkeltags