Trur på prøvedrift av FLO til våren

Svanøy-gründerane Ole Svanøe, Torleif Sveen og Gunnar Stavøstrand jobbar stadig med å optimalisere FLO-prosjektet sitt. No har dei gått bort frå å bruke ståltankar til lukka oppdrett, men satsar i staden på kompositt.

Svanøy-gründerane Ole Svanøe, Torleif Sveen og Gunnar Stavøstrand jobbar stadig med å optimalisere FLO-prosjektet sitt. No har dei gått bort frå å bruke ståltankar til lukka oppdrett, men satsar i staden på kompositt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Eit flytande, lukka oppdrettsanlegg, utvikla på Svanøy vil vonleg vere i drift våren 2014.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det har gått eit par år sidan Ole Svanøe, Gunnar Stavøstrand og Torleif Sveen med brask og bram presenterte planane for FLO Marine: Å drive lønsam, miljøvenleg og framtidsretta oppdrett av laks i heilt lukka system. Sidan den tid har det vore stille om prosjektet - men det er langt frå daudt, seier Gunnar Stavøstrand i FLO Marine.

- Vi har ikkje falle av lasset, men jobba fram prosjektet vårt dit hen at vi no vonar å kunne setje eit pilotanlegg i drift våren 2014, seier Gunnar Stavøstrand.

Det er tøff konkurranse blant mange innovatørar for tida som har utvikla ulike løysingar for lukka oppdrettsanlegg. Stavøstrand trur nettopp deira løysing vil vinne fram ut frå gode tekniske løysingar. Mellom anna kan botnen i anlegget hevast og senkast, noko som forenklar all fiskebehandlinga.

Du kan lese meir om sak i det nye fiskerimagasinet "Eit hav av mulegheiter".

Artikkeltags