Wenche stod i kø for å få trene på Spenst

Nesten fire timar etter opninga av det nye treningssenteret i byen er Wenche Gulestø Hermansen framleis i dei freshe nye lokala.

Nesten fire timar etter opninga av det nye treningssenteret i byen er Wenche Gulestø Hermansen framleis i dei freshe nye lokala. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Folk møtte ein time før, og køa gjekk forbi hushjørnet då det nye trenings- og helsesenteret i byen opna.

DEL

Allereie før dørene opna på laurdag, hadde over 300 personar meldt seg inn i det nye treningssenteret. Då ordføraren klipte snora ved inngangen til dei nye trenings- og helselokala klokka ti, hadde folk allereie stått i kø frå klokka 9.15.

Husiegar Frank Robert Klakegg ønskte å samle ulike helsetilbod i det tomme bygget aust for Amfi.

Husiegar Frank Robert Klakegg ønskte å samle ulike helsetilbod i det tomme bygget aust for Amfi. Foto:

– Topp fem i landet

Huseigar og initiativtakar Frank Robert Klakegg har investert fem millionar på ombygging av lokala i tillegg til kjøp av lokala i Hestenesgata, aust for Amfi-senteret.

– Folk frå hovudkontoret til Spenst seier senteret er på topp-fem i landet. Vi har fått eit treningssenter på høgde med storbyane, seier Klakegg nøgd. Han prøvde først å gjennomføre ideen lokalt, men det blei treningssenterkjeda Spenst som fekk etablere seg i over 1500 m² fordelt på to etasjar.

Spenst har investert om lag fire millionar. Tre millionar av dette har gått til nytt treningsutstyr. Senteret skal driftast i samarbeid med Spenst Førde. 

Ordførar Bengt Solheim-Olsen møtte i sporty stil til opninga. Eigar Kent Roger Engdal og dagleg leiar og eigar Geir Arne Nilssen held den raude snora.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen møtte i sporty stil til opninga. Eigar Kent Roger Engdal og dagleg leiar og eigar Geir Arne Nilssen held den raude snora. Foto:

Ope frå soloppgong til solnedgong – og litt til

Ei av dei som stod i køa var Wenche Gulestø Hermansen. Nesten fire timar seinare er ho framleis i dei freshe nye lokala.

– Helledussen, kor fint her er! Eg hadde ikkje tenkt å melde meg inn, men lokala er så luftige og fine at eg måtte. No har eg delteke på fire gruppetimar, seier Hermansen entusiastisk.

Ho er aller mest nøgd med at senteret vil vere ope frå klokka fem om morgonen til midnatt.

– Eg gler meg sånn til å kunne trene medan sola står opp. Tenk at vi har fått eit sånt tilbod i Florø, utbryt ho.

Nordens beste vektløftar Sindre Rørstadbotten viser fram dei romslege lokala.

Nordens beste vektløftar Sindre Rørstadbotten viser fram dei romslege lokala. Foto:

Målet er 1000 medlemmar, og "Olga"

To timar etter at ordføraren klipte snora ikledd sykkelshorts jobbar resepsjonsansvarleg Nathalie Lie seg gjennom ein bunke med nye påmeldingar, minst 50 stykk i tillegg til 320 førehandspåmeldte. I etasjen over instruerer Nordens beste vektløftar Sindre Rørstadbotten ei engasjert gruppe i vektløftingsteknikk.

NM-vinnaren er salsleiar for Spenst i Førde – og no også Florø.

– Målet er i alle fall 1000 medlemmar. Vi har kapasitet til mange fleire, seier Rørstadbotten.  I Førde har Spenst-senteret om lag 2300 medlemmar.

– Vi vil gjerne inkludere mannen i gata. Og "Olga på 70" skal og kunne kose seg her, legg han til.

Ein av tinga som skil senteret frå dei som finst i Florø frå før er at der skal vere treningsintruktørar tilgjengelege heile tida. I alt 20 instruktørar skal jobbe på senteret, i tillegg til to personar i 100 prosent stilling, fire resepsjonistar, to barnevaktar og to personlege trenarar. I tillegg kjem dei som tilbyr andre typar helsetilbod i same lokala.

Helse, ikkje berre trening

Heilheitleg og tverrfagleg fokus på helse er eit av måla med det nye senteret, og i tillegg til treningsapparat og gruppetimar er der ei eiga avdeling med naprapat, kiropraktor og massør. Då Klakegg lanserte ideen om å bruke lokala til treningssenter var det nettopp dette som var målet hans. I dag fortel han om ein rask og smertefri prosess fram mot opninga.

– Tilboda i byen var spreidde og halvvegs alle vegar, seier Klakegg. No skal Kjetil Alisøy Søvig tilby massasje i same gang som ein finn naprapat Kim Are Jacobsen og kiropraktor Michael Maria.

Og ein gong i veka kjem ernæringsfysiolog Hanne Lien frå Førde for å tilby ernæringskonsultasjonar og kroppsanalyse.

– Det handlar også om indre helse, forklarar ho.

Finare enn Førde?

Eigar og dagleg leiar Geir Arne Nilssen fortel at han såg dei første medlemmane stille seg opp utanfor ein time før opninga.

– Florø er heilt tydeleg klar for trening, kommenterer den andre eigaren, Kent Roger Engdal, som også er eigar av Spenst Førde.

Ikkje berre eigarar frå Førde tok turen til Florø i dag. Saman med ein av medeigarane i Førde, Knut Folkestad, står også fotballspelar Øystein Myrkaskog, Tommy Hårklau og Harald Oppedal.

Myrkaskog sit på eit av dei nye apparata. Alt treningsutstyret er nytt, bestilt frå Italia.

– Vi måtte jo komme for å sjekke ut fasilitetane. Det ser meget bra ut, stort og romsleg. Folk i Florø er heldige med det her.

LES OGSÅ: Billegare enn Førde

Den gjengen her kom frå Førde for å inspisere det nye treningssenteret. Dei måtte konkludere med at Florø har fått eit minst like fint treningssenter som Førde...

Den gjengen her kom frå Førde for å inspisere det nye treningssenteret. Dei måtte konkludere med at Florø har fått eit minst like fint treningssenter som Førde... Foto:

Spenst

  • Eit franchise-konsept i vekst i Norge. Har i dag omlag 20 senter hovudsakleg på Austlandet.
  • I sentra tilbyr dei alt fra gruppetrening til individuell trening i sal eller i treningsstudio.
  • Spenst er etablert i Førde med 2300 medlemmer.
  • Spenst Florø opna laurdag 15. august 2015.
  • Treningssenteret i Florø er eigd av dagleg leiar av Spenst Førde, Kent Roger Engdal og dagleg leiar av Spenst Florø, Geir Arne Nilssen. Frank Robert Klakegg eig lokala.
  • I lokala held også massør Kjetil Alisøy Søvig, naprapat Kim Are Jacobsen og kiropraktor Michael Maria til.
  • 20 instruktørar, fire resepsjonistar, to barnevaktar og to personlege trenarar. To stillingar i 100 %.
  • Treningssenteret er ope frå fem på morgonen til midnat på kvardagar.

Artikkeltags