Treng "Årdal light"

Artikkelen er over 12 år gammel

SVELGEN: Svelgensamfunnet er motoren i Bremanger. Likevel har dei siste åra vist oss at det er eit sårbart samfunn som i for stor grad er avhengig av Bremanger Smelteverk. No ønskjer klubbleiaren ein "Årdal Light" frå staten.

DEL

Sjølv om tilsette på Elkem var skuffa over at den første solar-fabrikken vart lagt til Kristiansand, har det vist seg at å kjempe til seg ein tre år lang kontrakt på levering av silisium har vore viktigare enn folk i bygda har vore klar over. Det syner også at det er tak i hjørnesteinsbedrifta i Svelgen. Men skal Svelgen vere eit samfunn for Elkem å satse på i neste omgang når solardivisjonen skal utvidast, meiner klubbleiar Bjørnar Førde at dei treng hjelp frå det offentlege.

– Det er på det reine at vil fylket oppleve eit nytt industrieventyr, så krev det også deltaking frå kommune, fylke og stat med tilrettelegging for neste steg i solarsatsinga, seier Førde. Han meiner det er behov for ein "Årdal Light"-omstillingspakke for bygdesamfunnet i den situasjonen Svelgen er komen opp i. Og han meiner ikkje noka almisse, men verktøy for å kunne utnytte ressursane i Svelgen-samfunnet.

– Det er no vi må posisjonere oss for å gjere oss attraktive for neste runde, kunne Førde stadfeste. I den prosessen meinte han stortingsrepresentantane og ministrane frå fylket spelar ei veldig viktig rolle.

Nils R. villig

Fylkesordførar Nils R. Sandal var på plass under medlemsmøtet i Svelgen Næringsråd 26. oktober. Han var då villig til å vurdere næringsrådet sitt utspel om å få på plass ein ressursperson som på heiltid kan jobbe for å skape knoppskyting i næringslivet i bygda. I samarbeid med kommunen og næringsrådet ville han sjå på korleis dette kunne la seg realisere. Han kunne fortelje at fylkeskommunen no jobbar hardt for realisering av del to i fastlandssambandet og var nøgd med at Bremanger kommune frå nyttår får differensiert arbeidsgjevaravgift, som kan bli eit viktig konkurransefortrinn for å få etablert ny næringsverksemnd.

Elles var fylkesordføraren full av lovord om Bremanger og Svelgen på ulike felt, til dømes om kommunen for tilrettelegging av areal i tilfelle nye næringsdrivande vil velje å etablere seg i Svelgen. Han rosa også Svelgen skule for opplæring i entreprenørskap, og han skrytte av kulturlivet i kommunen. Han gav også ros til medlemmene i næringsrådet for gode haldningar, og til Elkem lokalt og sentralt, samt til Bremanger Vekst for godt samarbeid.

Sterk posisjon

Plassjef ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, informerte på møtet om Elkem sine bedrifter i Norge. Sentralt stod kor viktig kraftprisen er for den kraftkrevjande industri. Han meinte behovet for å få på plass eit kraftregime er stort. Kraftprisen vil vere av stor betydning om det blir oppstart av omn 2 i vår, noko Talle håpar på.

I dag er det Bremanger Smelteverk sin kompetanse og posisjon på framstilling av silisium som skil Svelgen frå dei andre smelteverka som slit i motgang eller er stoppa. Nyleg har Elkem Bremanger fått i hamn ein svært viktig kontrakt som sikrar omn 5 og silgrain full drift dei neste 3 åra.

Negativ utvikling

Bremangerordførar Kåre Olav Svarstad informerte møtelyden om at folketalet i kommunen er blitt redusert med 1569 personar dei siste 30 åra, og at prognosane syner at nedgangen vil halde fram. Han kunne også opplyse om at 170 arbeidsplassar er tapte i kommunen dei siste 3 åra. Likevel trekte Svarstad fram ei rekkje lyspunkt, som alle naturressursane og at kommunenen har lagt til rette areal for potensiell næringsaktivitet, og at Svelgen har eit rikt og godt organisasjonsliv.

Artikkeltags