Treng 400.000 for å realisere byakvarium

GÅVMILD: Monicha Langøy har fått 100.000 frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Her saman med regionbanksjef Johan Magerøy.

GÅVMILD: Monicha Langøy har fått 100.000 frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Her saman med regionbanksjef Johan Magerøy. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

FLORØ: Dama bak det kommande byakvariet, Monicha Landøy, har alt samla inn 1,3 millionar. No manglar ho 400.000 før ho kan hente saltvatnet opp frå byfjorden.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Monicha Langøy skal opne eit byakvarium i Florø. No har ho flytta inn i det gamle meieriet i Strandgata, og alt som står att er 400.000 kroner før tanken er på plass.

Planane er no klare; ein 20.000 liters saltvasstank med fisk og anna sjødyr, samt eit grøntareal.

– I sjøen rett utafor Kinn er det eit blomstrande havliv. Eg ønskjer å skape eit akvarium som kan gjenspegle havbotn der ute, fortel Landøy.

–Vi kjem til å halde ulike saltvassfiskar, kråkebollar og diverse. Torsken er til dømes kannibal, så vi må vere forsiktige så fiskane ikkje angrip kvarandre, seier Landøy.

–Tanken vil koste 1.7 millionar kroner, fortel ho. Med 1,3 millionar midlar sikra, er 600.000 donert av bedrifter og folk frå Florø.

–Målet er å ha finansieringa klart til hausten og akvariet ferdig til neste sommar, og då vonar eg at alle vil komme å sjå, avsluttar ho smilande.

Les meir i papiravisa laurdag.

Retting: Firdaposten kom til skade å skrive at saltvatnet skal hentast frå sjøen utafor Kinn. Vatnet skal hentast frå 45 m. djup rett nord for sentrum.

Artikkeltags