Trekkjer seg frå SE

Frank Willy Djuvik trekkjer seg som styremedlem i SFE

Frank Willy Djuvik trekkjer seg som styremedlem i SFE Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Frank Willy Djuvik i Frp, trekkjer seg frå styrevervet sitt i Sunnfjord Energi AS.

DEL

Djuvik opplyser at han ved fleire høve, har kjend seg ukomfortabel med å handsame forvaltingssaker som involverer kraftbransjen.

– Sjølv om eg etter lova, er habil til å handsame slike saker, meiner eg at truverdet mitt blir svekkja når eg sit på Fylkestinget og handsamer saker, der kraftinteressene til SE er involvert.

Djuvik gjer merksam på at det den siste tida, har blitt stilt spørsmål om fylkesplanane for vindkraft og vasskraft, har fått ei objektiv behandling av Fylkesutvalet.

Djuvik påpeikar at han som politikar, er avhengig av å ha tillit frå innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

– Sjølv om eg etter lova blir rekna som habil i behandling av desse sakene, kjenner eg likevel at det blir ei interessekonflikt.

Djuvik fortel at det kjem nye reglar etter kommunevalet neste år. Dei vil skjerpe inn på bedriftsstyremedlem sitt høve til å delta i handsaming av saker som vedkjem selskapet.

- Etter dei nye lovane som kjem, er eg allereie inhabil, sentrale myndigheter har berre bestemt seg for å vente til neste kommuneval før reglane trår i kraft.

Ut over hausten skal Fylkeskommunen handsame ei rekkje med saker som får innverknad for kraftbransjen i fylket.

– Eg føler at mitt truverde som objektiv folkevald blir svekkja, når eg skal handsame desse sakene samstundes som eg sit i styret i SE, konstaterer Djuvik.

Artikkeltags