Tredelt finale for sommaren

Her er Eilif Vaardal med ein del av sine disiplar på Haavebua i vinter.

Her er Eilif Vaardal med ein del av sine disiplar på Haavebua i vinter. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

13., 14 og 15 juni skal Kulturskulen ha sommaravslutningane sine.

DEL

Det startar fredagen med kunstutstilling og konsert på tradisjonelt vis i Flora samfunnshus.

- Laurdag blir dagen for bandfolket. Gitarsjefen Eilif Vaardal tek med seg samspelgruppene og har konsert med eit variert repertoar på Blomsterhagen, fortel kulturskulerektor Arne Sunnarvik.

Søndagen er sett av til danseforestillinga. Elevane skal viser danseutrykk i fleire ulike sjangrar.

Den første forestillinga kostar 100,- kroner, medan dei to andre har fri entré.

Meir info på kulturkalenderen.

Artikkeltags