Gå til sidens hovedinnhold

Tre til sjukehus etter utforkøyring

Artikkelen er over 9 år gammel

Tre personar frå Flora enda på sjukehus etter at dei køyrde utfor vegen på Ålfotfjellet seint tysdag kveld.

Meldinga kom inn til politiet klokka 23.10

Tre personar var sendt til sentralsjukehuset i Førde for observasjon etter ei utforkjøring på rv 614 i Myklebustdalen/Sørdalen.

Det var lokalt slaps i vegbana i området og bilen var utrusta med sommardekk.

- Korvidt denne kombinasjonen var årsak til ulukka er for tidleg å seie, melder operasjonssentralen.

Dei tre var alle heimehøyrande i Flora kommune. Uhellet blir etterforska av politiet i Flora.