Lokaltrafikk for ungdom fekk Kollektivprisen 2018

PRISVINNAR: Ingen slo Sogn og Fjordane i å lage godt tilpassa kollektivtilbod til ungdom, meiner Kollektivtrafikkforeningen.

PRISVINNAR: Ingen slo Sogn og Fjordane i å lage godt tilpassa kollektivtilbod til ungdom, meiner Kollektivtrafikkforeningen. Foto:

Av

Sogn og Fjordane fylkeskommune vart torsdag ettermiddag tildelt Kollektivprisen 2018 for tilbodet Lokaltransport for ungdom. Prisen vart delt ut på Kollektivkonferansen i Oslo. 

DEL

Lokaltransport for ungdom (LTU) gjer det mogleg for ungdomar i fylket å reise kollektivt til og frå fritidsaktivitetar, også når det vanlege kollektivtilbodet ikkje finst. I eit fylke med store avstandar, der ungdomane bur spreidd og ofte langt frå fritidstilboda, er det umogleg å ha eit ordinært rutetilbod som passar alle.

Med Lokaltransport for ungdom kan ungdomane gjennom kommunane søke om midlar til å få sett opp transport til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld. LTU-midlane blir mellom anna brukte til transport til og frå skisenter, ungdomsklubbar, kino, skuleball, diskotek og konsertar, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

- Det er utruleg kjekt at vi vinn denne prisen i konkurranse med så gode kandidatar. Dette er ei stadfesting på at også mindre tilbod er viktige for å gje folk eit godt og tenleg kollektivtilbod, seier rådgjevar i samferdsleavdelinga, Eva Hamre, som tok imot prisen.

Samrøystes vedtak

Det er Kollektivtrafikkforeningen som kvart år deler ut Kollektivprisen. Prisen blir delt ut til aktørar innan mobilitet og kollektivtrafikk i Noreg, for tiltak som bidreg til å forenkle folk sine liv. Prisvinnaren skal vere nytenkande, og gjerne samarbeide med fleire aktørar.

I si grunngjeving skriv juryen at dei samrøystes gjekk inn for Lokaltransport for ungdom som vinnar. Juryen seier at dei har lagt vekt på at tilbodet rettar seg mot framtidas kollektivkundar, at det er heilt genialt enkelt og at det har ei total involvering av brukarane.

Det enkle i konseptet har fascinert juryen, som også legg til at konseptet som ligg i botnen er tilrettelagt for digitalisering og verdiauke. I framtida kan tilbodet difor vere kontinuerleg brukarstyrt gjennom teknologiske løysingar.

Trivsel og tryggleik

-Lokaltransport for ungdom har dekka eit reisetilbod som vi ikkje klarer å dekke med det ordinære rutetilbodet. Den lokalt tilpassa ungdomskyssen er praktisk for ungdomane. Den skapar trivsel fordi den gjer det mogleg for ungdomane å gjere noko sosialt saman, seier fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal, i pressemeldinga.

- Trafikktryggleik er også ein svært viktig faktor for oss i fylkeskommunen. Både ungdom og foreldre kan kjenne seg sikre på at ungdomane kjem seg til og frå på ein trygg og organisert måte, sluttar Lefdal.

Artikkeltags