No blir bergensturen dyrare for el-bilen din

Fjord1 og Norled innfører no halv takst på elbilar på ferjene langs kysten vår.

Fjord1 og Norled innfører no halv takst på elbilar på ferjene langs kysten vår. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ferjeturen over Sognefjorden blir ikkje lenger gratis for el-bilar.

DEL

Dei avgiftsfrie fordelane ved å køyre elbil er under press i takt med auken av elbilsalet. No strammar ferjeselskapa Fjord 1 og Norled inn sine reglar, og det blir slutt på gratisferje for elbilar mange stader frå 1. mars, melder nettstaden stord24.no.

Strekningane der det no må løysast billett for elbilar er:

  • E39 Halhjem-Sandvikvåg (Hordaland)
  • Alle Fjord 1-samband i Sogn og Fjordane og E39 Oppedal-Lavik (Norled)
  • E39 Arsvågen-Mortavika (Rogaland)
  • Molde-Vestnes, Festøya-Solavågen, Halsa-Kanestraumen, Volda-Folkestad (Møre og Romsdal)

Men like dyrt som å køyre bensin- eller dieselbil blir det ikkje. Det er halv takst som no blir innført for elbilane, og med rabattkort kan du ytterlegare få redusert prisane med 50 prosent per ferjetur.

Før slapp elbileigarar unna med å betale for sjåføren, men ikkje for elbilen. Med dei nye reglane må elbilane betale halv pris av ordinær køyretøypris.

Endringa som no kjem kan sjåast på som ei harmonisering av prisregimet langs kysten vår, no som ein ny vestlandsregion snart ser dagens lys. Det er to år sidan Hordaland fylkeskommune vedtok å fjerne gratisprisordninga for elbilar på ferjene.

Artikkeltags