Trafikkulykke på Indrehus

ULYKKE: Politiet er på staden

ULYKKE: Politiet er på staden Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I dag tidleg var det ei trafikkulykke på Indrehus ved Svelgen. Dette melder politiet på Twitter. Det var berre ein bil involvert i ulykka, og det var berre ein person i bilen. Det skal ikkje vere snakk om nokon alvorleg personskade, men føraren er sendt til legevakt i Svelgen for ein nærmare sjekk.

Vegen er sperra etter ulykka. Bilberging er bestilt. Vegen blir opna igjen når den er rydda, men det er førebels uvisst kor lang tid det vil ta.

Firdaposten var i kontakt med politiet klokka 10.21, då var patruljen deira akkurat kommen til staden, og dei hadde ikkje noko meir informasjon på dette tidspunkt.

OPPDATERT: Vegtrafikksentralen vest melder klokken 10.50 at vegen no er open for fri ferdsel.

Artikkeltags