Motorsykkel mot bil i Mekevika

Trafikkuhell i Mekevika.

Trafikkuhell i Mekevika. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Naudetatane er på staden.

DEL

Klokka 10.12 gjekk alarmen etter at ein bil og ein motorsykkel har støytt saman i Mekevika utforbi Florø. Naudetatane er på veg, opplyser Politiet sin operasjonssentral. Ifølgje meldar skal begge dei involverte partane vere oppe og gå, men skadeomfanget er førebels ukjent.

Klokka 10.35: Ingen vart skadd under ulykka, opplyser operasjonssentralen. Det er meldt om noko oljesøl, men elles fine køyreforhold på staden. Trafikken blir dirigert forbi staden.

Klokka 10.46: Trafikkuhellet har skjedd i samanheng med at bilen skulle svinge av vegen, opplyser politiet.

Artikkeltags