Trafikkulykke mellom lastebil og personbil ved Svarthumle

DEL

På Twitter melder Vest Politidistrikt rett før klokka tre at det har vore ei trafikkulykke ved Svarthumle/Eikefjord klokka 14.48 søndag ettermiddag.

Det skal vere ein lastebil og ein personbil som har kollidert. Det er ikkje noko informasjon om personskade. Naudetatane er på veg til staden.

Like over klokka 15.30 fortel operasjonsleiar Dan Erik Johannesen til Firda at politi, brann og helse er på staden.

– Begge dei involverte bilane er ute av vegbana og trafikken flyt greitt forbi, seier han.

Personbilen vil trenge bilbergar, fortel operasjonsleiaren. Denne er på veg.

Politiet oppdaterte med meir informasjon på Twitter klokka 15.40. Det er tre personar som var involvert i ulykka, og ein av dei er teken med i ambulanse for legesjekk.

Artikkeltags