108 drepne i trafikken i fjor. Og det døyr tre gonger så mange menn som kvinner.

LÅGE TAL, MEN MANGE MENN: Talet på trafikkdrepne har gått rett veg dei seinare åra, og sjølv om 2018 viser ein liten auke samanlikna med 2017, er tala framleis låge. Menn er derimot sterkt overrepresenterte på dødsstatistikkane. Her frå ulukka i Våtedalen i 2013, som kravde tre liv.

LÅGE TAL, MEN MANGE MENN: Talet på trafikkdrepne har gått rett veg dei seinare åra, og sjølv om 2018 viser ein liten auke samanlikna med 2017, er tala framleis låge. Menn er derimot sterkt overrepresenterte på dødsstatistikkane. Her frå ulukka i Våtedalen i 2013, som kravde tre liv. Foto:

Av

FLORØ: Når Statens vegvesen oppsummerer 2018 og dei alvorlegaste ulukkene, finst det både positive og negative sider å gripe tak i.

DEL

Med 108 omkomne på vegane i 2018, er det to fleire enn året før. Og sjølv om vi dermed har ein liten auke, er det framleis blant dei lågaste tala på 75, viser statistikken til Vegvesenet.

Seks personar mista livet i desembertrafikken, og det er berre halvparten samanlikna med 2017.

Når det kjem til kjønnsfordeling av dødsfalla, er det lite hyggeleg lesnad sett med maskuline auge. Av dei 108 omkomne i fjor, var heile 83 menn. Over halvparten av dei var over 45 år, og mennene døyr bak rattet i møteulukker og utforkøyringar der dei køyrer for fort.

I fjor var det fylka Trøndelag, Telemark, Hordaland, Rogaland og Hedmark som toppa statistikken. I andre enden finn ein Vestfold og Finnmark.

Sjølv har Vegvesenet ein nullvisjon for talet drepne i trafikken for framtida. Det er kanskje ein utopi å oppnå, men vi kan i alle fall trøyste oss med at norske vegar er dei sikraste i Europa å ferdast på, og det for fjerde året på rad.

Artikkeltags