Mista kontrollen under forbikøyring

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire bilar involvert, sjåfør med lettare skadar.

DEL

Ein førar av ein personbil kom frå det med lettare skadar, då han i morgontimane fredag skulle køyre forbi andre bilar nokre hundre meter vest for Grov på Riksveg 5, ved Makrellvågen.

Under forbikøyringa kom bilen hans borti ein av dei andre bilane han skulle passere. Han mista deretter kontroll over eigen bil, og hamna utfor vegen.

- Føraren som har skadd seg, er frakta til legeundersøking og behandling i Florø. Det skal vere snakk om lettare skadar. Det er snakk om ein mann i tenåra. Politiet er no på veg til ulukkesstaden, og bergingsbil er på staden, stadfestar Kai-Henning Myklebust ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Politiet fekk kjennskap til ulukka eit par minuttar før klokka sju, då dei blei tipsa om at to bilar med skade stod ved utkøyrsla ved Makrellvågen. Ulukka skal ha skjedd omlag 400 meter vest for Grov-krysset.

Det er vanskelege køyreforhold på Rv5, med mykje vatn i vegbana, regn og dårleg sikt.

- Det vil vere noko redusert framkommelegheit til vi har fått avklart situasjonen, seier Myklebust, som ber morgonpendlarane vise ekstra varsemd i området.

Artikkeltags