Kjedekollisjon i Lærdalsdalen i natt

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Heile fire lastebilar pluss ein personbil støytte saman på E16 i Lærdalsdalen litt før klokka to i natt. Naudetatar og luftambulanse vart raskt kalla til staden og Borgundtunnelen vart stengd.

I personbilen befann det seg ein 45 år gammal mann, alvorleg skadd. Også ein av latebilsjåførane var skadd. Begge vart frakta til Førde Sentralsjukehus, melder NRK Sogn og Fjordane.

Det var ikkje mogleg å passere staden der ulukka fann stad, og klokka fem melde politiet at ulukkesstaden var strødd, og at to av vogntoga var fjerna.

Til NRK opplyser politiet at ulukka truleg hende som følgje av at eit vogntog har sklidd på det svært glatte føret, og at dei andre køyretøya har treft dette bakfrå. Når klokka nærmar seg halv sju fredag morgon, står vegen framleis oppført som stengd på vegvesenet si trafikkmeldingsside.

Oppdatering: Like før klokka åtte vart det meldt at vegen var opna for fri ferdsel.

Artikkeltags