Florøjente alvorleg skadd etter tunnel-ulukka på E39 søndag

FLORØ: Seks år gammal florøjente på sjukehus etter kollisjon i Eikefet-tunnelen.

DEL

Ein mann i 60-åra frå bergensområdet er fråteken sertifikatet og teken blodprøve av, etter kollisjonen mellom fleire bilar i Eikefet-tunnelen i Lindås på E39 søndag. Det melder NRK.

I tillegg til den alvorleg skadde jenta, fekk seks andre personar lettare skadar etter samanstøyten, ein gut (9), gut (10), kvinne (34), mann (40), mann (66) og kvinne (66).

Ein bil skal ha kome over i motgåande køyrefelt, og med ei møtelukke som resultat. Totalt tre bilar og sju personar skal vere involvert i ulukka, som skjedde i ein sving inne i tunnelen søndag ettermiddag. E39 var stengd i fleire timar i samband med bergingsarbeidet i tunnelen.

Artikkeltags