Dramatisk på vegane i natt

FLORØ: Alt frå husbrann til holkeføre har skapt utfordringar på vegane våre natt til årets siste dag.

DEL

Det starta søndag kveld, då eit hus som låg kloss i E39 ved Kalandseidet, tok fyr. Ingen personar kom til skade i brannen, men E39 sør for Bergen måtte stengast i fleire timar for å handtere husbrannen.

Nokre timar seinare køyrde ein personbil av vegen, også dette på E39, ved Skilbrei i Gaular. Då politiet kom til staden kunne dei konstatere at føraren hadde kome frå det utan skade, og at det ikkje var fleire involvere i ulukka.

Klokka ti på tre i natt kom ei ny utforkøyring, denne gongen ved Sanddal i Jølster. Det var ifølgje politiet svært glatt på staden der ein bil køyrde utfor vegen, og heile seks personar var involvert i ulukka. Alle naudetatar rykte ut, og fem av dei involverte blei tekne med til legevakt for kontroll. Bilen som køyrde utfor vegen fekk store skadar.

Artikkeltags