Bil i elva på riksveg 5

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet melder på Twitter at det like før klokka 18 fredag kveld har vore eit trafikkuhell i Naustdal. To bilar, kvar med ein person i, har støytt saman, og den eine bilen ende i elva. Begge førarane er ute av bilane og blir køyrde til sjekk på legevakten.

Det er ut som årsaka til ulukka var brot på vikeplikta. Ein bli kom på RV 5 frå Florø mot Førde, medan den andre bilen kom ned frå Naustdal sentrum, heiter det frå politiet.

Klokka 19.30 er begge bilane fjerna og vegen opna att.

Artikkeltags