Bil i autovernet på fv. 614

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Naudetatane er på veg til staden.

DEL

Litt etter klokka 10 fredag melder Vest politidistrikt at ein bil har køyrt i autovernet på fv. 614 ved Magnhildskartunnelen.

Det skriv Firda

Det er ikkje meldt om personskade, og trafikken flyt greitt forbi. Naudetatane er på veg til staden, opplyser politiet.

– Det var ein person i bilen og han er uskadd. Men det er store materielle skadar på bilen, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt klokka 10.30.

Ein politipatrulje er framme ved staden og tek no avhøyr av føraren. Det skal ikkje ha oppstått lekkasje frå bilen i samband med krasjet.

Bilbergar er rekvirert.

Artikkeltags