20 år gammal mann hamna i elva

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Klokka 01.51  natt til torsdag køyrde ein bil av vegen i Flora. Bilen ramla ned ei skråning og hamna i elva, etter å ha køyrt oppover rv. 164 i Grytadalen. Køyreforholda var vanskelege, det var glatt på vegen, med snø og slaps. Det skriv Firda.

Den 20 år gamle mannen tok seg ut av bilen på eiga hand, og vart berre våt på beina då han klatra ut. Det var han sjølv som ringde politiet. Politiet seier at mannen var oppegåande, og at nødetatane var på alerten. Det er ikkje mistanke om køyring i rus.

Ingen andre personar eller bilar var involverte. Bilen som køyrde ut, er fiska opp, men totaløydelagt.

Artikkeltags