Forbikøyring enda med kollisjon og personskade

FLORØ: Halv sju small det på Ålhus i Jølster, etter ei forbikøyring med for små marginar.

DEL

Klokka 06.23 fekk politi og naudetatar melding om at ein bil hadde køyrt i grøfta etter ein kollisjon med ein møtande bil. Den møtande bilen var i ferd med å leggje seg innatt i køyrefeltet sitt etter ei forbikøyring.

I begge dei innblanda køyretøya var det kun sjåfør og ikkje passasjerar. Det skal vere ein lastebil og ein personbil som er involvert. Helsepersonell kom raskt til staden, og ein av dei involverte skal vere teken med til legevakt.

Artikkeltags