Bil har køyrt i fjellveggen i Gulen

FLORØ: To personar skadde, frakta bort i ambulanse.

DEL

Ein bil har køyrt i fjellveggen ved Leversund i Gulen i morgontimane torsdag, melder politiet.

Dei to personane som var i bilen er komne ut av vraket, og skal vere frakta bort i ambulanse.

Ulukka skal ha skjedd på Fylkesveg 57 ved Leversund.

Vegen blei stengd, men opna igjen kl. 09.50.

Artikkeltags