Trafikkulykke i Eikefjord

DEL

– To bilar er involverte, og naudetatar er på veg til staden skriv politiet på Twitter. Dei melder at det har vore ei trafikkulykke på riksveg 5 ved Eikefjord.

Ulykka skjedde i eit kryss på riksveg 5, der det kan virke som om den eine bilen har køyrd ut, og blitt påkøyrd. Det fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest Politidistrikt til Firdaposten.

– Fartsgrensa på staden er 80 km.t. Det er tre personar som er involvert, og alle tre verkar å vere oppegåande, men er sendt til legevakta for sjekk. Airbag er utløyst på den eine bilen.

Utover det kjenner ikkje politiet skadeomfanget på noverande tidspunkt. Skadestaden er sikra, og det skal vere passasje på staden slik at anna trafikk kan passere.

Klokken 10.45 melder politiet at dei avsluttar på staden.

Artikkeltags