Køyrde i autovernet då hjort kom ut i vegbana

FLORØ: Naudetatar på veg til ei bilulukke ved Vadheim.

DEL

Det har skjedd ei trafikkulukke på E39 mellom Vadheim og Lavik, melder politiet.

Ulukka skal ha skjedd rundt klokka sju, og det er ein bil som har køyrt i autovernet.

Naudetatar skal vere på veg til staden. Det skal kun ha vore førar i bilen og ingen passasjerar, og føraren seier seg uskadd, skriv politiet.

Ifølgje Firda skal ulukka ha oppstått i forsøk på ein unnamanøver for eit hjort som kom ut i vegen.

Artikkeltags