Front mot front i Halbrendslia

FØRDE: To bilar har frontkollidert på i Halbrendslia over Førde sentrum.

DEL

Frontkollisjonen blei meldt i halv sju-tida måndag morgon, men det skal ifølgje Vest politidistrikt sin twitterkonto ikkje vere snakk om personskade.

Mange stadar i fylket blir det meldt om svært glatte vegar i morgontimane, trass i plusstal på gradestokken dei fleste plassar.

Men det er frost i bakken, og underkjølt regn blir til is og skapar såpeglatte køyrebaner. Vegtrafikksentralen ber bilistane ta det roleg på det vanskelege føret.

Artikkeltags