Bubil mot hjort på Stavøya

DEL

Klokka 18.48 fekk politiet melding om at ein bubil har kollidert med ein hjort og deretter kjørt i fjellveggen på Stavøya. Dei opplyser på Twitter at førar er bevisst, og naudetatane på veg til staden.

Operasjonssentralen i Bergen seier til Firdaposten like før klokka åtte at det går bra med førar av bilen ettersom han brukte bilbelte, og at det er små skader på bubilen.

Hjorten som vart påkøyrd forsvann ut i skogen etterpå, og viltnemnda er difor varsla.

Artikkeltags