Krasja i grøfta - blei funnen av politiet med 1 i promille

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Mann i 20-åra til Haukeland med luftambulanse.

DEL

Klokka ti på fire natt til søndag fekk politiets operasjonssentral melding om at det stod ein bil i grøfta på fylkesveg 60 ved Morteberget, mellom Utvik og Innvik.

Airbagen på bilen var løyst ut, frontruta var knust, men noko bilist var ikkje å sjå då politiet kom til ulukkesstaden.

Ifølgje politiets twitterkonto kom dei i kontakt med den som dei meiner hadde køyrt bilen, ein mann i 20-åra. Ei blodprøve viste då 1 i promille, og mannen var lettare skadd. Han blei teken med i ambulanse for sjekk, og førarkortet hans blei beslaglagt.

Etter ein helsesjekk blei det bestemt å sjekke vedkomande for indre blødningar, og han blir no frakta til Haukeland Universitetssjukehus for nærmare undersøkingar.

Artikkeltags