Kvinne køyrde utfor vegen i Bremanger

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Trafikkulykke på fylkesveg 614. Bilen ligg på sida.

DEL

Ei kvinne har køyrd av vegen ved Ålfoten mellom Svelgen og Isane. Det var ingen andre i bilen, og kvinna er uskadd, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

– Det er sagt at det var delvis glatt på vegen, seier han til Firda.

Den kvinnelege bilføraren er oppegåande og uskadd, melder politiet på Twitter.

Det var ingen andre i bilen. Ein forbipasserande hjelpte sjåføren og meldte inn ulykka til politiet, seier operasjonsleiaren.

Både politi og ambulanse er sendt til staden. Kolltveit seier det er for tidleg å seie noko om skadeomfang på bilen og årsak til ulykka.

Artikkeltags