- No kjem syretesten for det nye systemet

I løpet av hausten vil Magnus Frøyen og Norsk Hjortesenter, som har vore med å utvikle det nye varslingssystemet, få svar på om nyvinninga har reell effekt når det gjeld å få ned hjortepåkøyrsler i risikoområde.

I løpet av hausten vil Magnus Frøyen og Norsk Hjortesenter, som har vore med å utvikle det nye varslingssystemet, få svar på om nyvinninga har reell effekt når det gjeld å få ned hjortepåkøyrsler i risikoområde. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Så langt har ikkje dei nye hjortevarslingsskilta på Botnastranda hatt synleg effekt. Men så har det heller ikkje vore høgsesong for påkøyrsler.

DEL

I mars i fjor blei eit nytt varslingssystem for vegkryssande hjort montert på Riksveg 5 langs Botnastranda i Flora; ei av dei mest ulukkesbelasta vegstrekningane i fylket med tanke på hjortepåkøyrsler. Prosjektet, som involverer både Norsk Hjortesenter, Statens vegvesen og andre kompetansemiljø, har som mål å vekkje til live "skiltblinde" bilistar og gje dei ein ekstra vekkjar i form av blinkande lys i erfaringsmessig ekstra farlege tidspunkt på døgnet. Systemet blir kalla dynamisk skilting.

No gjeld det

Kva er så status, etter seks månaders drift? Vel, svært få hjortar er påkøyrde på den aktuelle strekninga i vår og i sommar. Frå skilta kom opp i mars og fram til i dag, seks månader seinare, er det kun registrert to påkøyrsler av hjort. Men i same tidsrom i fjor, var det heller ikkje fleire enn tre påkøyrsler. Likevel meiner lokal viltforvaltar i Flora kommune, Jan Osa at det er frå no av og framover vi vil få den store syretesten for den nye varslinga.

Høgrisiko-tid

- No går vi inn i ei tid der tre ulike faktorar aukar hjortens risiko for å bli påkøyrd: Jakta, hausttrekket og brunsttida. Alle tre faktorane bidreg til at hjorten flytter meir på seg og dermed kryssar vegar oftare. Dette må bilistane vere obs på. Når du køyrer bil i mørkret her i fylket på denne tida av året, er nok sjansen mangedobla for å kome i nærkontakt med hjort enn elles i året, slår Osa fast, som trur vi verkeleg vil sjå effektar av det nye varslingssystemet når ein gjer opp status i fallvilt-registeret ved utgangen av året.

Store tal

I 2013 blei 1200 hjortar påkøyrde i Norge. Ca 700 av desse blei drepne. I 2015 blei det påkøyrt ca 400 hjortar i Sogn og Fjordane, og dei materielle kostnadene for dette er stipulert til 650 millionar kroner. På midten av 2000-talet var tala særleg høge i våre område.  Oktober 2006 står framleis som ein av dei verste bolkane, då det blei påkøyrt 53 hjortar på ein månad i fylket.

Artikkeltags