Gå til sidens hovedinnhold

Køyrde frå lappen

Artikkelen er over 5 år gammel

I ein radarkontroll på Klavelandet søndag kveld måtte ein bilførar levere frå seg sertifikatet etter å ha blitt målt til 127 km/t i 80-sona.

Ein annan fekk utskrive eit forenkla forelegg etter å ha blitt målt til 92 km/t, også det i 80-sone.

Også tidlegare i ettermiddag vart det skrive ut forelegg i samband med trafikkontroll i Florø: Då fann politiet eit barn som var dårleg sikra i bil, pluss at ein bilførar hadde hunden sin på fanget under bilkøyring.

Rundt middagstider vart også ein person stoppa av UP og bles raudt. Vedkommande vart teken med til lege for  blodprøvetaking.

Kommentarer til denne saken