Vi køyrer framleis utan belte, utan førarkort – og utan vognkort

Av

FLORØ: Med førarkortet i lomma, vognkortet i bilen og bilbeltet klikka fast, har du dei tre mest sentrale momenta på stell for å leggje ut på vegen. Men tre ting kan bli i meste laget.

DEL

Onsdag gjennomførte Vegvesenet ein trafikkontroll på Riksveg 5 på Evja i Florø. I utgangspunktet var det ein bilbeltekontroll, som dei aller fleste av dei 301 kontrollerte kom seg velberga gjennom.

Men to av bilistane køyrde utan å sitte fastspent med belte, og måtte dermed bidra til statskassa. I tillegg mangla ein av dei kontrollerte bilistane førarkortet sitt.

Ytterlegare to bilistar bidrog til Vegvesenet sin «kollekt», då dei blei stogga for kontroll. Etter febrilsk jakt i sidedørslommer og hanskerom, måtte konstatere at dei trøstig trilla rundt i ein bil utan gyldig vognkort.

Artikkeltags