14 for raske på E39 - og ein blei fotgjengar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

14 utskrivne førelegg blei resultatet då politiet gjennomførte ein kontroll på E39 torsdag.

Kontrollen i nærleiken av Skei blei gjort i ei 60-sone, der 13 personar køyrde over fartsgrensa. For den eine bilisten fekk det store konsekvensar, då talet på prikkar i førarkortet frå før av, resulterte i beslag.

Ifølgje politiet på twitter blei det også skrive ut førelegg til ein person som snakka i mobiltelefon utan å nytte handsfree-system.

Artikkeltags