Sogning med hat trick i Naustdalstunnelen

Fire gonger fartsbot i Naustdalstunnelen på ei dryg veke er truleg gjeldande rekord, sett av ein sogning i fjor haust.

Fire gonger fartsbot i Naustdalstunnelen på ei dryg veke er truleg gjeldande rekord, sett av ein sogning i fjor haust. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Først blei han teken tre gonger i løpet av tre dagar. Så kruna sogningen råkøyringa med ein æresrunde veka etter.

DEL

Om sogningar er ute av stand til å  lære av eigne feil, skal vere usagt. Men ifølgje Sogn Avis presterte ein sogning å bli teken i fotoboks-kontroll i Naustdalstunnelen på Riksveg 5 mellom Florø og Førde heile tre gonger i løpet av tre påfølgjande dagar.

Men ferdig med fotoboksane var han ikkje. Veka etter tok han ein ny tur gjennom tunnelen som har fartsgrense på 80 km/t. Og den same fotoboksen var framleis aktivert med kamera - og igjen blinka det raudt.

Det noko spesielle hat tricket, med innlagt ekstranummer fann stad i september i fjor, skriv avisa.

Prislappen på råkøyringa blei totalt 14.500 kroner - og det blei truleg ikkje gjeve noko kvantumsrabatt. Tvert om vart han utan førarkort i 4 månader. Den høgste målte farten var på 118 kilometer i timen.

Artikkeltags