Fleire vegar framleis stengde

Frå onsdag kveld klokka 18 til torsdag morgon fekk politiets operasjonssentral på Vestlandet melding om 133 naturskadar. Fleire vegar er framleis stengde torsdag morgon

DEL

Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, melder politiet på Twitter.

Ras, tak som er rivne av husa, tre som har blåse ned og treft bilar, fritidsbåtar som har slite seg.

Torsdag morgon klokka 06.45 skriv Firda at det framleis er fleire vegar stengde på grunn av uvêret i natt:

  • Fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Førde og Askvoll er veg framleis stengd på grunn av fleire ras.
  • Fylkesveg 609 mellom Dale og Askvoll på nordsida av Dalsfjorden (Dalsfjordsambandet). Ny vurdering klokka 11.
  • Fylkesveg 63 mellom Lavik og Løland bru i Hyllestad er stengt ved Trangane, på grunn av velta tre. Ny vurdering klokka 07.
  • Fylkesveg 92 mellom Vikøyri og Arnafjord i Vik kommune er stengt inntil vidare på grunn av oppryddingsarbeid
  • Klokka 07.25 melder politiet at fylkesveg 543 ved Steinhovden i Flora er stengd på grunn av velta tre. Entreprenøren som har ansvar for opprydding, er varsla.

Det er mykje vatn i vegbana mange stader, og trafikkantane må vere merksame på tre som kan sperre vegane.

Artikkeltags