Såpeglatte vegar tysdag morgon

SVÆRT GLATT: Vegane i Florø er mange stader heilt glaserte, tysdag morgon - så køyr varsamt.

SVÆRT GLATT: Vegane i Florø er mange stader heilt glaserte, tysdag morgon - så køyr varsamt. Foto:

FLORØ: Både sidevegar og hovudvegar i Florø er ekstremt glatte tysdag morgon, køyr forsiktig!

DEL

Tysdag morgon har det frose på, og regnet frå kvelden før har nærast glasert asfalten i kystbyen.

Ein kjapp køyretur rundt Havreneset tysdag morgon viser at stoda er verst på nordsida av Åsen, men også på sørsida er det svært glatte parti.

Elles er alle vegar ut av kommunane våre opne for fri ferdsel, det same gjeld hovudvegane inn og ut til fylket. Strynefjellet blei opna igjen ved midnatt, etter at den var stengd nokre timar på grunn av berging av to vogntog.

Fylkesveg 611 mellom Vevring og Standal er derimot framleis stengd, etter eit steinras måndag. Her vil geologar gjere nye vurderingar om opning i sekstida i kveld, tysdag.

Artikkeltags