Trailer-kaos i Bremanger, fv616 stengd i fleire timar

DEL

I Oldeisbakkane langs fv616 i Bremanger står fire trailere fast. Politiet er på staden, og bilberger er på plass. Vegen er stengd, melder politiet rett før klokken 19.00 tysdag kveld.

I bakkane ved Isane mot Svelgen står det også ein trailer fast, men her er det mogleg å passere. Bilberger er varsla.

Og rundt klokken 18.00 var det nok ein trailer som stod fast, etter å ha sklidd bakover på glatta. Også dette på fv616.

Først etter midnatt, natt til onsdag var bilbergar ferdig og vegen opna for fri ferdsel igjen.

Artikkeltags